Redaktør: Transportøkonomisk institutt

Videomøter

Forfattere 2011: Svein Ølnes, Vestlandsforsk

Kunnskap kryssar grenser handlar om å ta i bruk nettet til videomøte og nett­overføring (streaming) av arrangement i langt større grad enn i dag. Det vil kunna redusera transportomfanget og slik redusera utslepp av klimagassar. I tillegg er det eit stort potensial for kunnskapsutveksling.

I Sogn og Fjordane har partnarane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Lotteri- og stiftelsestilsynet spart rundt kr 300 000,- i reisekostnader det første halve året. For Fylkesmannen sin del utgjer sparte tenestereiser rundt 4,5 tonn CO2 mindre utslepp. Reduksjonen i tenestereiser hjå Fylkesmannen har i tillegg spart embetet for rundt 250 timar reisetid.

1. Problem og føremål

Med stadig betre breibandstilgang ligg mykje til rette for å ta i bruk ny teknologi som videomøte og streaming. Video på nettet er ikkje noko nytt, det har vore ein nesten eksplosiv vekst dei siste åra. Men bruk av video (møte, overføring av arrangement) i arbeidslivet heng etter. Her er det eit stort, unytta potensial. I det pågåande prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser” har vi identifisert fire effektområde for nettoverføringar og videomøte, se figur 1.

 A.3.1_figur_1.jpg
 

Figur 1: Effektar av meir bruk av videomøte og nettoverføring

 

Bak kvart av effektområda Kunnskap og innovasjon, Samarbeid og Demokrati, ligg det miljømessige og økonomiske innsparingar.

Barrierer mot meir bruk av nettet til slike føremål er i første omgang mangel på kunnskap om teknologien og ei skeivfordeling av kostnader og innsparingar. Det siste punktet går på at arrangøren får ekstra kostnader medan mottakaren får økonomiske innsparingar.

Distriktssenteret (Kompetansesenter for distriktsutvikling) har som følgje av KxG-prosjektet lyst ut ein konkurranse for å undersøkja nærmare kva faktorar som fremjar og hemmar bruk av avstandsreduserande teknologi som videomøte og nettoverføring.

til toppen

2. Beskrivelse av tiltaket

I prosjektperioden vil KxG byggja opp erfaring med bruk av videomøte og nett­overføringar hjå prosjektpartnarane. Desse erfaringane vil danna grunnlaget for ei beste praksis-oppskrift som vil bli publisert på nettstaden http://kxg.no

På nettstaden vil det bli lagt ut tips til registreringsopplegg slik at andre som vil ta i bruk teknologien, kan gjera bruk av opplegget for å rekna ut eigne innsparingar; både økonomiske så vel som miljømessige.

Nettstaden vil også innehalda enkle sjekklister for arrangørar som ønskjer å overføra på nettet (webcast/streaming) og det vil også bli ein teknologi-vegvisar slik at det blir lettare å velja utstyr for dei som ønskjer å gjera slikt sjølve.

til toppen

3. Supplerande tiltak

Mange verksemder har alt omfattande bruk av videomøte, og for dess vil det vera snakk om å ta i bruk supplerande metodar for å rekna ut økonomiske og miljømessige innsparingar.

For nettoverføringar (streaming) vil prosjektet prøva ut supplerande teknologi slik som kan delvis redusera ulempene ved å ikkje vera fysisk til stades. Det vil vera kommunikasjonskanalar som vil betra tovegs-kommunikasjonen (eksempelvis spørsmål via Twitter, verktøy som CoverItLive o.l.).

til toppen

4. Kvar er tiltaket eigna?

Bruk av videomøte og nettoverføringar er aktuelt for heile landet, men det er typisk distrikta som må gå føre sidan det er dei som først og fremst kjenner kor skoen trykkjer. Dei mest nærliggjande innsparingane er nettoverføringar av korte, opne (gratis) arrangement som frukostseminar o.l.

Det er også viktig å få fram at kunnskapsutvekslinga både kan og bør gå begge vegar og at det ikkje berre er ei sentrum-periferi-retning. I tillegg er det viktig å sjå på dette i ein global samanheng og då blir Norge ein utkant i den store verda. Norge kan såleis gå føre med eit godt eksempel for andre land, t.d. kan vi påverka slik at fleire internasjonale arrangement kan overførast via nettet (t.d. mange informasjonsmøte frå Brussel).

til toppen

5. Bruk av tiltaket – Eksempel

Både videomøte og nettoverføringar er kjend og utprøvd teknologi og det finst etter kvart mange eksempel på bruken. Utfordringa er å få til ein meir systematisk bruk av desse teknologiske hjelpemidla enn vi har i dag. Video står for ein stor del av kommunikasjonen på nettet i dag, men det er mest til underhaldning og i privat samanheng, og langt mindre i arbeidssamanheng.

A.3.1 videom?ter skjermbilete.png 

A.3.1_figur_2.jpg

Figur 2: Eksempel på registreringsbilete for videomøte, Lotteri- og stiftelsestilsynet

til toppen

6. Miljø- og klimavirkningar

Kunnskap kryssar grenser gjennomfører registrering av bruk av videomøte og nett­overføring (både på arrangement- og publikumsida) hos partnar-verksemdene. Så langt i prosjektet (mai 2011) tyder registreringane på store økonomiske innsparingar, og gjennom det også miljømessige innsparingar. Endelege tal for reduksjon av klimagassen CO2 som følgje av tiltakta i prosjektet, vil bli presenterte ved prosjektslutt 31.12.2011.

Effektane av auka bruk av video og nettoverføring av arrangement, kan delast i to hovudkategoriar; kvanitative og kvalitative. Dei kvantitative effektane er økonomiske (kroner) og miljømessige (CO2-reduksjon). Dei kvalitative effektane er særleg knytte til kunnskap og innovasjon, nettverksbygging (samarbeid) og demokrati (betre tilgjengeleg­heit). Dei kvalitative effektane er vanskelege å måla, men er truleg minst like viktige som dei kvantitative effektane.

I første halvår av prosjektet har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Lotteri- og stiftelsestilsynet til saman spart reiser for ca. kr 300 000,-. Dette er åleine bruk av video­møte og det er berre møte som erstattar fysiske reiser. For Fylkesmannen sin del utgjer innsparingane rundt 4,5 tonn redusert CO2-utslepp. Fylkesmannen sine reduserte tenste­reiser utgjer vidare rundt 250 timar spart reisetid som ikkje er med i dei økonomiske utrekningane.

I reduksjon av CO2-utslepp er det lagt til grunn eit livsløpsperspektiv slik at konstruksjon, vedlikehald av infrastruktur i tillegg til produksjonen og vedlikehaldet av transportmiddela er rekna inn (Simonsen 2010). I prosjektet blir det arbeidd med å standardisera desse utrekningane på visse transportstrekningar for å få eit felles datagrunnlag for partnarane. Dei standardiserte utsleppstala vil bli publiserte på kxg.no

til toppen

7. Andre verknader

I Transnova-prosjektet ser vi særleg på miljømessige effektar av prosjektet i form av redusert CO2-utslepp som følgje av reduksjon i tal tenestereiser. Som nemnt i kapittel 6 er dei kvalitative effektane minst like viktige for ei verksemd, og for samfunnet som heilskap. Dersom vi skal få betre innsyn i desse effektane, må dei studerast i eit eige opplegg og det ligg utanfor dette prosjektet.

til toppen

8. Kostnader

Kostnader knytte til auka bruk av videomøte og nettoverføring av arrangement kan delast i utstyr og arbeid. For å gjennomføra videomøte trengst det teknologisk utstyr av ein viss kvalitet (men det kan gjerast så enkelt som å bruka Skype og innebygd videokamera på pc).

Nettoverføringar av arrangement kan enten gjerast av verksemda sjølv eller det kan leigast ekstern hjelp. For dei som ønskjer å gjera dette sjølve, finst det kostnadsmodellar og teknologi-vegvisar på kxg.no

til toppen

9. Formelt ansvar

Utanom gjennomføringsansvar definert i prosjektplanen for KxG, finst det ikkje noko formelt ansvar for gjennomføring av tiltak.

til toppen

10. Utfordringar og mulegheiter

Video på nettet representerer ein stor del av den totale kommunikasjonsmengda og er alt ein suksess, men mest i underhaldningssamanheng og for forbrukardelen av marknaden. Næringsliv og offentleg sektor heng på mange måtar etter i utviklinga. Tiltaket har eit stort potensial i arbeidslivssamanheng, og i Transnova-prosjektet ser vi den største utfordringa i å løfta dette til eit nasjonalt initiativ. Prosjektet vil nokså sikkert visa at det er store gevinstar å henta økonomisk og miljømessig, men det store potensialet blir først utløyst ved å ta teknologien i bruk i nasjonal skala.

Prosjektet Kunnskap kryssar grenser har valt å arbeida med offentleg sektor fordi offentlege verksemder har eit klart ansvar for å få informasjon ut til flest muleg.

til toppen

11. Referansar

Simonsen, M. 2010
Transport, energi og miljø. VF-rapport 2-2010.
http://transport.vestforsk.no

til toppen

 


1Tiltaket beskriver et pågående prosjekt, og vil bli oppdatert i 2012 når prosjektet er ferdig. Oppdateringen vi da også inkludere referanser til annen relevant forskning om videomøter.